Eg har valgt meg sjøl

/, Utdanning/Eg har valgt meg sjøl

Eg har valgt meg sjøl

Praktisk oppgave skrevet av student på EQ-kompetanseutdanning

 

Kven har eg valgt?

Eg har valgt meg sjøl.


Kva er grunnen til at eg har valgt meg?

Eg gjekk nokre rundar før eg bestemte meg, men fant ut at eg måtte starta med det som var nærast. Eg har tru på at uten ein god relasjon til meg sjølv, så kan eg heller ikkje få ein god relasjon til andre.

Eg har måtta erkjenna at eg ikkje har vore så grei med meg sjølv.

Eg har vært sjølkritisk,

Eg har satt høge krav te meg sjøl, og sammenligna meg med andre. Eg har kvia meg for å prøva nye ting, fordi eg er redd for å mislykkast og dumma meg ut.

Eg har hatt mykje dårlig samvittighet, og har dømt meg sjøl for ting eg har gjort.

Eg har oppfatta meg sjølv som svak og feig.

Måten eg har sett på meg sjøl, og behandla meg sjølv på, har ført til at eg har behandla andre dårlig.

Eg har snakka ned andre for å heva meg sjølv.

Eg har vært sjalu og til tider kontrollerande.

Overfor ungane mine har eg ofte vært streng og sint. Eg har vore opptatt av å ha lydige ungar.

Alt dette ønske eg å forandra på.

 

Kva valgte eg å gjera, og kva var årsaka til at eg valgte å gjera nettopp det?

1. Eg valgte å gå i terapi

Eg har ei god venninna som visste at eg strevde. Ho anbefalte meg å prøva terapi hos ein EQ-terapaut, og det er grunnen til at eg i januar i fjor troppa opp på EQ Institute for å tileigna meg meir EQ-kompetanse. Terapien hjalp meg med å gå tilbake og finna ut kor alt kom frå.

Eg har sett at eg nok har hatt eit sterkt behov for å bli sett og føla meg elska. Eg er eldst i ein søskenflokk på tre, og fekk masse kjærlighet og oppmerksomhet dei første tre åra. Når nestemann kom blei det mindre, og det har eg nok slitt litt med.

Eg har ein far som eg opplevde kunne væra veldig oppfarande. Når han blei sint eller irritert, kjefta han, og han kunne ofta snakka veldig nedlatande til mor. Eg tok etter måten han behandla henna på, og såg ned på mor fordi ho ikkje stod meir opp for seg sjøl. Det har ført til at eg er veldig obs på å ikkje bli tråkka på. Då går eg heller te angrep.

Eg såg også, gjennom dette året, at eg har vore redd for å bli forlatt og stå aleina. I venneflokken var eg usikker. Eg var redd for at ingen ville væra med meg, og derfor føyde eg meg alltid ette det de andre ville.

For å komma meg vidare, trengte eg å godta barndommen min for det den var. Den har forma meg, og har vore mykje av grunnen til at eg trøbla seinare. Det e ein grunn for at eg var som eg var. Eg gjorde så godt eg kunne.

Eg trengte og å henta fram dei gode minnene. Mykje var bra, sjøl om eg ikkje alltid fekk dekka de behovene eg hadde. Eg har goe minner om at mor sang for meg når eg var liten og sku legga meg, om ferieturane far tok oss med på (det va alltid han som planla ferien), og om julebakst på kjøkkenet med mor.


2. Eg ville bli bedre kjent med meg sjøl

Eg lagde meg lister over ting som gjer meg glad og ting som eg kjenne at eg treng i livet.

Eg blir glad av å synga og eg liker godt å baka. Eg blir glad av å gleda andre og eg liker å føla at eg er til nytte, f.eks å kunna hjelpa ungane med leksene. Eg blir glad av ein vinkveld med gode venner.

Eg treng bekreftelse, eg treng ros, eg treng å kjenna mestringsfølelse og eg trenge tid aleina. Det eg trenge aller mest, e å føla meg elska for den eg er.

Ein anna ting eg har lært om meg sjølv, er at eg har ei sorg. Ei sorg over ting som ikkje blei så dei skulle, og ei sorg over det som eg sjøl har valgt vekk i livet mitt. Jobb, eigne penger, sosialt samvær.


3. Eg øve meg på å endra meg

Eg øver meg på å bruka personlig språk. Eg e blitt bedre på «Eg vil/ eg vil ikkje», men eg bruke fremdeles «Du må/ du må ikkje»……. Eg øve meg!

Eg øve meg på å sei ifra om kva eg treng. «Eg trenge ein klem».

Eg øver på å ikkje væra dømmande. ALLE GJER SÅ GODT DEI KAN!

Eg øver på å snakka fint til meg sjøl.


Kva førte det til?

  • Eg har langt på vei klart å tilgi meg sjøl for det eg har gjort mot meg sjøl og andre. Eg ser at det var ein grunn for at eg tok dei valga eg tok. Eg gjorde så godt eg kunne!
  • Eg dømmer meg sjøl mindre i dag, og har innsett at det e lov å væra på vei.
  • Eg er blitt flinkere til å kjenna etter korleis eg har det og er meir bevisst på å gjera ting som eg veit at eg blir glad av.
  • Eg merke at når eg seier ifra kva eg treng, så får eg lettare dekka behova mine.
  • Eg har begynt å gi meg sjøl et smil og ein klapp på skuldera. Det får meg til å føla meg bra. Eg blir glad av det.
  • Å erkjenna at eg treng å væra åleine av og til, gjer at eg ikkje så lett føler meg ensom eller blir stressa av å vera åleina.
  • Eg oppleve at når eg er snillare med meg sjøl, er det og lettare å væra grei med andre.
  • Eg kjefter framleis, men ikkje så ofta som før.
  • Eg blir ofta lei og sint, men e flink å be om unnskyld.
  • Eg blir framleis skuffa over meg sjøl til tider, men har lært å tilgi meg sjølv og sjå framover.
  • Eg blir stadig lei meg, men har oppdaga at det går an å trøsta seg sjøl.
  • Eg e fremdeles redd for å bli åleina, forlatt eller utestengt, men har innsett at eg vil alltid væra der for meg sjøl.

 

EG E PÅ VEI!

Tusen takk for et fantastisk år.

 

Er du nysgjerrig på hva EQ-kompetanseutdanning er? Les mer her
Vi starter opp nye klasser i Oslo i januar.

 

 

 

Kommentarer

kommenter

By |2018-09-24T15:09:29+00:00 9. september 2018|Blogg, Utdanning|

Leave A Comment