Å be om hjelp

//Å be om hjelp

Å be om hjelp

Av: Karen-Mette Myrlie-Bjørn, ferdig utdannet EQ-terapeut 2019

Eg har vekse opp med at det å vere sjølvstendig var so vesentleg at eg slutta å be om hjelp. Det gjer vondt. Om eg skal vere heilt ærleg har det skapt mykje trøbbel for meg opp gjennom åra når det kjem til nære relasjonar. Eg ser jo at det ikkje har mangla på personar som har brydd seg eller hatt lyst til å hjelpe. Utfordringa mi har vore ei sannheit om at hvis eg ber om hjelp so har eg tapt. Det er hardt og det gjer vondt å kjenne på at eg har og har hatt det slik.

Det er veldig vanleg å spørre seg kvifor er eg slik? Men visste du at ordet kvifor ofte stengjer av følelsane? Visste du at sjølv om ordet kvifor er svært vanleg, er det meir øydeleggjande enn reparerande?

Det å grave i hovudet og tankane etter forklaringar kan lede deg til å ha eit altfor stort fokus på problemet i staden for løysinga. Kva med å rette fokuset mot orda be om hjelp? Kva med å kjenne etter kva dei gjer med deg? Kanskje er det vanskeleg og vondt, men blir du i tankane so scrollar du gjerne vidare på det negative og kritiserar deg sjølv utan å finne ei løysing. Den indre kritikaren kjem fram i deg og tenker gjerne; kvifor tuller eg med dette her, no må eg slutte, dette burde eg då klare. Det er tungt, hardt, kritisk og lite konstruktivt.

Ein mykje betre måte for helsa di er å kjenne etter og undre deg over kva det handlar om. Ordet kva er nemlig mykje sunnare. Kva skjer med meg når eg ber nokon om hjelp? Kva er det som gjer at eg ikkje får til å be om hjelp? Spørreorda kva og korleis set i gong mykje sunnare prosessar i deg enn kvifor.

For meg handlar det å be om hjelp om ein frykt for å bli dømt eller satt i bås. Det handlar om frykt for å bli sett på som svak, og ikkje kunne klare seg. Eg kan kjenne på frykt for å bli avslørt. Frykt for at folk skal forstå kor lite eg kan. Redd for at nokon skal forstå at eg ikkje kan alt. Kanskje ser dei meg plutseleg som eg er. Eg er jo ei som har manglar, som strevar og ikkje alltid er sterk.

So kva er det som gjer at eg driv og lyg for meg sjølv om at eg burde kunne alt? Vi er jo alle gode på forskjellige ting, har ulike eigenskapar. Alle veit jo det. Men nokre gongar vert eg so opptatt av å skjule korleis eg har det inni meg. Akkurat som om eg er den einaste som har det vanskeleg i verda?

No i dag ser eg at dette handlar om kva eg har kjent på frå eg var lita. «Du ER kva du kan». Du må vise fram. Du må snakke. Du må argumentere, vise, bevise, diskutere. Du må lese høgt. Du må må må. Det er utruleg mykje eg har lært at eg må.

Kjenner eg blir sliten berre av å lese det avsnittet der. Mykje må. Klart at eg ikkje vil ha med meg alle desse må`ane, skal`ane, bør`ane. Dei er ikkje mine. Dei har eg lært å ha med meg over tid. Eg har heilt tydeleg fått for lite av vil i min oppvekst. Kva vil du? Kva er rett for deg? «Hææ?». Eg blir flau om nokon spør, fordi eg veit faktisk ikkje kva eg vil. Eg veit ikkje kva eg vil svare.

Eg har kome eit langt stykke på reisa mi frå hodet (tankane) til hjertet (følelsane). Likevel vil eg innrømme at sjølv medan eg sat og skreiv denne teksten trengte eg redigere bort kvifor, skal og må i setningane her. So det er ein lang prosess.

Vil du høyre ein klisjè? Om du snur på ordet VIL so blir det til LIV. Og veit du? Det virkar, det er sant. Om du jobbar iherdig med deg sjølv er det muleg å snu alle må, bør, skal til VIL. Det handlar om å ta aktive valg. Ta kontroll over eige liv. Det hjelper enormt å bli bevisst på kor du er, korleis du ladar, kva du treng og kva du vil. Klarer eg det klarer eg faktisk å sortere betre i kva som er viktig for meg, kva eg kan og kva eg vil be om hjelp til.

Dette er ei treningssak. Eg trenar masse og kjem nok til å gjere det lenge. Erkjennelsen min i dag er at det stadig kjem nye arenaer der eg har behov for å trene. Mestring er nydeleg, men kanskje treng eg ikkje mestre alt, åleine, heile tida?

Etter mykje endring og sjølvutvikling lurer du kanskje på kva som gjer at eg strevar fortsatt? Jau, sannheita er at eg er påverka av sosiale medier med sine mange plettfrie heimar, kroppar og liv. Standarden på kva som er perfekt har vorte veldig høg, pynta på og uverkeleg. Og det eg finn i sosiale medier handlar jo mykje om denne fine fasada.

So kva om eg delar meir av kva som er perfekt for meg, det uperfekte? Kva om eg vågar å dele korleis det ser ut på ekte inni og utanfor meg? Kva om eg tørr be naboen på kaffe, sjølv om det er rotete? For kanskje er det ikkje rotet naboen bryr seg om. Kanskje har naboen brukt lang tid på å finne mot til å be akkurat meg om hjelp. Om eg gir inntrykk av at eg er plettfri, at idealet er å aldri trenge hjelp, korleis skal naboen då våge å be meg om hjelp? 

Mange synes det er prisverdig når dei ser eit menneske som står med tårer i augene og seier: «Nei takk, eg klarer meg sjølv.» Og det er kanskje lett å tenke: «Wow so sterk.. so tøff». Sannheita er at eg mykje heller vil at du vågar å gi meg ein lang, varm klem og spør meg korleis eg har det på ekte. Mykje heller det, enn å få høyre kor tøff eg er som alltid klarer meg. Dette var meg. Kor er du?

 

Vil du endre din måte å være i verden på?

EQ Institute tilbyr en praktisk deltidsutdanning for deg som vil bli EQ-terapeut, hvor du lærer gjennom erfaring ved å få og gi terapi. Som student vil du tilegne deg økt EQ-kompetanse ved å lære å bruke et konflikthemmende språk og du vil kunne tilegne deg evnen til å gjennomføre EQ-terapi i terapeutisk øyemed. Nye klasser starter i Oslo, Bergen og Stavanger i januar. Nå starter vi også klasser i helg i Oslo!

Les mer om 3-årig deltidsutdanning i EQ-terapi her

Kommentarer

kommenter

By |2019-11-30T15:40:49+01:00 29. november 2019|Blogg|

Leave A Comment