Tid for jul

//Tid for jul

Tid for jul

Av: Karen-Mette Myrlie-Bjørn, EQ-terapeut

Det er adventstid og fokus på jul, pynting, stemning, ønsker og gåver. Det er mange som gledar seg til jul og nyt julestemning, julelukter, julemusikk, julelys i hagen – og drøymer om lette snøfnugg som dalar ned frå himmelen. Eg er definitivt ein av desse.

Samtidig opplever eg at mange er frustrerte. Eg opplever det i butikken, på jobb, på trikken og i trafikken. Spesielt no i førjulstida høyrer eg mange set ord på fortvilelse over mangel på tid. Eg opplever at vi er travlare enn nokon gong og at tempoet berre aukar. Forventningane kjennes skyhøge til alt vi skal mestre og prestere på ein kvar arena og plattform. Eg høyrer mange beskrive kvardagen som ein karusell dei vil av.

Eg merkar godt denne følelsen av karusell og mangel på tid. Eg har ikkje tid, høyrer eg mykje rundt meg. Men eg trur ikkje vi manglar tid. Eg trur eigentleg det handlar om korleis vi prioriterer. Eg trur vi treng ha endå meir fokus på prioritering av dei timane døgnet har. Dess eldre eg blir, dess meir kresen blir eg på kva og kven eg brukar tida mi på.

Det er mykje fokus på å gi i førjulstida og det likar eg, men eg opplever også at gåvefokuset har tatt litt av. Mange av oss har det vi treng, samtidig som mange strevar med å få det til å rekke i hop. Spør du meg kva eg ønskar meg til jul so er det tid. Den viktigaste julegåva for meg er tid med dei gode menneska som eg er so glad i. Tid til å sitte ned. Tid til å nyte. Tid til å tenke. Tid til å skrive. Tid til nærvær og samvær.

Eg kjenner at julestresset og fokuset på ting gjer at eg får lyst til å droppe ting heilt og berre gi tid i gåve. Men korleis kan eg gi bort tid i gåve? Eg vil lage gåvekort på tid. Tid til å sjå ein god film ilag. Avtale om å ta ein kaffe. Kveldsmat heime hos deg eller meg, eller kanskje gå ein tur ilag? Tid til ein god prat. Nærvær og samvær, i staden for ting.

Eg har alltid kjent at tid er ekstra dyrebart og sårt for meg. Dette har eg undra meg mye over, heilt til eg på EQ Institute blei spurt av grunnleggjaren Herdis Palsdottir om eg visste korleis barn stavar kjærleik? Jau, det er slik: T-I-D.

Eg lærte også at vi alle har eit lite barn i oss. Dette barnet finnes inne i oss, også i vaksen alder, og kan kome ut og gjere seg gjeldande i ulike samanhengar – utan at vi nødvendigvis har heilt kontroll over det. Og eg kjenner jo ho, dette vesle barnet. Det barnlige i meg, som av og til gjer seg gjeldande i kranglar eller opphissa situasjonar. Det vesle barnet er følelsane mine som er meir eller mindre bearbeida. Det vesle barnet inni meg kan kome ut, forsiktig eller eksplosivt, om eg føler meg trist, glad, sint, oversett, såra, eller avvist.

Det vesle barnet inni meg kan reagere og gjere seg svært høglytt, spesielt rundt temaet tid. Sjølv i vaksen alder kan eg reagere som eit lite barn og bli snurt, voldsomt sint eller usakleg når eg ikkje føler meg prioritert, eller ikkje får nok tid. Dette trur eg har si årsak i mange ting. I barndommen min opplevde eg mor mi som travel med fleire jobbar, mange prosjekt og forskjellige verv. Far min har hatt det innmari tøft store delar av livet sitt, noko som gjorde at han ikkje kjentes emosjonelt tilgjengeleg for meg. Dette er nokre grunnar til at mi oppleving i dag er at tid er kjærleik.

Eg trur heilt og fullt i dag på at mine foreldre gjorde so godt dei kunne, men det har gått opp for meg at det ikkje var godt nok for meg. Eg kjente meg ikkje tilstrekkelig sett og anerkjent. Det har vore vondt å kjenne på, men samtidig har eg funne det godt og verdifullt å sjå kva det såre handla om. I dag ser og anerkjenner eg den vesle jenta i meg, og forstår at ho hadde gode grunnar til å bli so sårbar på tid. Barn treng tid med sine omsorgspersonar, dei treng å bli sett og få føle seg viktige og anerkjent akkurat slik dei er. Barn er vare og merkar lett om vaksne er tilstades på ekte eller om dei er fråverande og opptatt.

Å ha lite tid eller å lengte etter andres tid og merksemd trur eg er noko av grunnen til at eg heile mitt liv har strevd med indre stress, anspentheit, migrene og stive musklar. God tid kjennes som viktig eigenkjærleik og viktig eigenomsorg for meg. Eg kom over ein tekst av Tony A. Gaskins Jr. som bekrefta dette for meg: «A woman can always tell if a man loves her by how much time he is willing to invest. Money spent is meaningless, but time spent is priceless.» Dei gongane eg har kjent meg usikker eller utslitt i relasjonen med min mann er når vi har prioritert for lite tid til kvarandre. Då tappes eg for energi. Brukar vi tid ilag blir eg lada igjen. Magisk.

Julestemning og julekos er viktig for mange av oss, men eg vil at du kjenner etter og finn din måte å lage ei god jul på. For meg har tid, og måten eg brukar den på, vorte det mest verdifulle. Tid utan mobiltelefon eller nettbrett. Tid utan forstyrrande element rundt. Tid ilag. Tid til å nyte gode måltid og lage god mat ilag. Spele spel. Spele kort.  Ake ilag ute. Gå ein skitur ilag der vi droppar øyretelefonar, gps, pulsmålar og posting på sosiale medier. Tid til å berre vere. Men hey, dette er berre meg og mine juletankar. Kva tenker du om jul, tid, og gåver? Og kva er viktig for deg?

 

 

Gi bort den gode samtalen på boks?
FuelBox BARN inneholder åpne spørsmål som setter fart på refleksjoner og gode samtaler med barn i barnehagen og i familien. Ta boksen frem under måltider, ta den med ut på tur, bruk den i små og store grupper og gjerne også alene med et barn på fanget. Kan brukes av ett eller flere barn, sammen med en eller flere voksne. Vi selger FuelBox BARN til kun kr 650,- Les mer her

Vi har også pakketilbud på FuelBox BARN og BARNEHAGEMEDARBEIDER til kun kr. 1200,-.
Se tilbudet her

Kommentarer

kommenter

By |2019-12-17T10:58:54+01:00 16. desember 2019|Blogg|

Leave A Comment