Vi har ikke eksamen på vår ettårig deltidsutdanning i EQ-kompetanse, men i begynnelsen av skoleåret får studentene en oppgave som de senere fremfører for klassen på slutten av skoleåret. Oppgaven er å finne frem til et barn, en ungdom, en voksen eller seg selv – en person som de ønsker å møte på en ny måte for å få en bedre relasjon med.

Når en har valgt personen, så er oppgaven å skrive: Hvem velger jeg? Hva er det jeg ser? Hva ønsker jeg å gjøre? Hva gjorde jeg? Hvordan har det gått? Tanken bak oppgaven er erkjennelsen av at du og jeg kun kan forandre vår egen væremåte hvis vi vil. Du og jeg kan ikke forandre andre mennesker, men ved å møte andre på en ny måte så kan magiske ting skje.

Hvordan den enkelte student ønsker å løse oppgaven er valgfritt, og i år valgte en av våre studenter å skrive dette diktet:

 

Å finne meg sjølv

Ein skulle tru at når ein 40 har bikka,

at tida for å finne seg sjølv omtrent er ferdig tikka.

Men so står ein der i kvardagens mas

og forstår at eins eigne følelsar forsvann i livets kjas.

 

Ein løysnings-finnar som alltid prova å forstå,

ein veloppdratt meklar som ofte gjekk på tå.

For i mitt liv har eg mest alltid jenka meg etter andre,

og eg har aldri tenkt på at akkurat det kunne ve lurt å forandre.

 

Eg trudde at eit nei i meg nesten aldri har eksistert,

for so å innsjå at det berre aldri hadde vore sosialt akseptert.

Eg såg på det som ein god kvalitet,

eg kunne forme meg, brukes til det meste, nett som ein potet.

 

Men so fann eg kjærleiken, varm og god,

og eg visste vel godt at han ikkje ville falle i god jord.

For nytenkjande for både min far og mi mor,

men absolutt eit sted der eg ville slå meg til ro.

 

Ein stad der eg kunne ve meg sjølv,

og ha mine tanker på mitt rett kjøl.

Ein mann som aldri kjeftar og smell,

og som likar godt tanken på at eg tenkje sjølv

 

So fekk me barn og gapet vart ennå større,

og eg ville på eigne bein stå og tørre

– å tenkje sjølv og gjere det beste for både meg og min gjeng,

sjølv om det ikkje falt godt i mitt opphavs seng

 

Men korleis skal ei som aldri lærte å stole på sitt nei,

lære sine barn at ho elskar dei,

til tross for at ho ikkje konstant vil

være klatrestativ, framkomstmiddel, sovepute og ennå litt til.

 

Korleis skal ho lære å stå støtt,

i alt det som ikkje er rosenrødt.

Korleis skal ho tore å finne svaret på

den vegen i sitt eige liv som ho sjølv har lyst å gå.

 

Dei magiske orda for meg  vart ”eg vil”,

sjølv om dei ikkje er ferdig integrert og i mitt hode seies ”jeg vil”

Eg vil prove å nekte meg å gå på akkord med meg sjølv,

å lytte etter hjartet og ikkje ve skjærefjøl.

 

Eg jobbar i dag med å lytte til mine eigne følelsar,

glede og sorg har eg i meg, solande klar.

Frykt og skam noko meir diffust, mens sinne

er ei kjensle som eg slite alvorleg med å finne.

 

For sinne og frustrasjon er som ein diger klump,

som berre ligg der i brystet, ein massiv dump.

Å setje ord på han har kjendest håplaust.

Ja, til tidar verkar han botnlaus.

 

Men eg har forstått at det er vegen å gå,

mest for min eigen del, men også for mine små.

Å akseptere mine følelsar og den eg er,

at alt har ein grobotn, alt ligge der.

 

To terapier på rad innan to vekers tid,

mine tankar og følelsar kokte i stor splid.

Eg klarte ikkje å la tankane lande,

håpte at eg snart kunne strande.

 

Frustrasjon og irritasjon det spiste meg opp,

so utruleg lykkeleg den dagen det tok stopp.

Men eg har skjønt at eg har lyst dit fleire gongar att,

for eg ser ikkje god framtid i å halde den døra att.

 

C.N.

 

Ønsker du å fremme din EQ-kompetanse?

Vår 1-årige deltidsutdanning gir deg større forståelse for hva som skjer mellom mennesker, og hva som er grunnen til at vi reagerer og handler som vi gjør. Nye klasser starter i Oslo, Bergen, Bømlo og Stavanger i august. Les mer om 1-årig deltidsutdanning i EQ-kompetanse her.

Kommentarer

kommenter