Eg er styrar i barnehage og har arbeida mange år i ulike barnehageorganisasjonar i ulike roller. Eg har arbeida som pedagogisk leiar, rettleiar og 13 siste åra som styrar. Gjennom åra har eg alltid søkt etter ny kunnskap og er veldig ydmyk for at kvalitet i barnehage krev fagleg dyktige og varme vaksne med stor relasjonskompetanse. Også innover til seg sjølv.
I mi jakt på kunnskap og klokskap har eg fått med meg fleire vidareutdanningar ved HVL innan leiing og rettleiing. Dette har tilført stor verdi til mi personlege og arbeidsrelaterte utvikling. Det har gitt meg mykje motivasjon, glede og nye krefter.
Relasjonskompetanse og emosjonell kompetanse
Likevel, i utdanningane og kursa sakna eg ofte fokus på relasjonskompetanse og emosjonell kompetanse. Kunnskap som lærer oss å kunne skape gode barnehagemiljø med psykologisk tryggleik. Rammeplan og lov om barnehage seier vi skal arbeide med dette. Lære borna om livsmestring og ruste dei for livet.
Da treng vi vaksne som har kompetanse på området og som har forståing og evne til å arbeide med seg sjølve for å kunne vere gode rollemodellar for borna. Ingen metode eller pedagogisk opplegg kan dekke opp for vaksne-vaksne med autentisk sjølvkjensle og relasjonell og emosjonell kompetanse.
Eg leita lenge etter vidareutdanning med dette fokuset, så fant eg Relasjonssenteret, no EQ Institute. Her var dette hovedfokus.
Trygging og støtte i mi rolle
EQI har gitt meg og min barnehage eit uvurderlig verdifullt supplement til div vidareutdanningar. Og ikkje minst vert til trygging og støtte i mi rolle som styrar, leiar og arbeidsgivar i barnehagen.
Personleg har utdanninga betydd mykje for meg og tilført noko nytt i mitt liv. Kunnskapen og forståinga har gitt meg ein ekstra dimensjon til å kunne støtte meg sjølv og andre menneske.
“Eg lyttar betre, eg «fiksar» mindre, eg lever meir. Eg har meir tillit til meg sjølv og til andre.”
Å vere styrar er som å vere skipper på ei skute med mange oppgåver og mykje ansvar. Ansvaret veg ofte tungt synest eg.
Den personlege og kollektive relasjonelle kompetansen i personalet på skuta ser eg på som den aller viktigste kompetansen som trengs her.
Den må vere på plass for at vi skal kunne segle godt og arbeide og lykkast med oppretting av utallige trygge relasjonar som skal haldast vedlike, reparerast og stadig prioriterast for å kunne tilby psykologisk tryggleik for alle, små og store, helst alltid og til alle tider…
Verdifull forståing og kompetanse
Eg har gjennom studiet og tida ved EQI fått ein ny tryggleik, ei ny forståing for det ikkje dømmande menneskesynet og strategiar for å arbeide systematisk med å auke den emosjonelle kompetansen på alle nivå.
– Eg unner alle ledarar og alle andre som arbeider direkte med menneske å få ei tid ved EQI.
Om det er eit 1-årig EQ-kompetanse kurs, eller den 3-årige EQ- terapeututdanninga, eller andre kurs ved instituttet, så trur eg det vil kunne tilføre deg verdifull forståing og kompetanse til ditt arbeidsliv samt ditt 24-timers menneskeliv.
I alle fall kjenner eg verdien av auka EQ-kompetanse i mitt liv, både gjennom forståing, varme og omsorg innover til meg sjølv og i rolla som mamma til 4, som kone til min mann, som datter, søster, venninde, leiar osv..
Tida ved EQI gav meg ingen nye studiepoeng, men den gav meg den mest verdifulle kompetansen og erfaringa som eg tek med på livsreisa vidare.
Tusen takk!
Varm og takknemlig hilsen fra Ragne Mari Røed Kandal
Ragne Mari Røed Kandal
Styrar i Nygård barnehage AS på Sandane i Gloppen kommune
Nygård barnehage arbeider for å sertifiserast som ein EQ- barnehage