Etter mange år med målretta arbeid kring emosjonell kompetanse og fokus på systematisk godt relasjonsarbeid, kan vi med glede dele at vi no har blitt sertifisert som EQ-barnehage.
Av: Ragne Mari Kandal, styrer i Nygård barnehage
Vi har arbeidd med desse verdiane heilt sidan oppstarten av Nygård barnehage i 2009. Allereie då arbeidde vi i denne retningen, og sidan 2019 har vi hatt samarbeid med EQ Institute.
Dette har vore – og er – eit langsiktig og systematisk utviklingsarbeid, fordi vi veit at gode relasjonar og emosjonell tryggleik er grunnmuren i eit trygt barnehagemiljø. Dette er arbeid som alltid prioriterast – ferskvare vi tar vare på kvar dag.

Vi er ein barnehage som tek på alvor at tankar, kjensler og handling heng saman. For å kunne manøvrere oss sjølve, borna – og «barnehageskipet» – i ønska retning, er vi bevisste på både kva vi kjenner, kvar vi tenker og kva vi gjer, og ikkje minst ha ei retning for kor vi skal. Utan bevisstheit havarerer vi lett – i ein barnehagekvardag som ofte er både samansett og krevjande.

Difor arbeider vi ikkje berre med relasjonane til barna – men òg med relasjonane innover i oss sjølve, og mellom oss vaksne. Vi ser på oss sjølve som det viktigaste verktøyet i arbeidet, og utviklar vår evne til å møte andre med tryggleik, omsorg og sunne grenser. Vi er heldige som kan ha eit slikt fokus på jobb – det styrkjer oss òg i eigne liv.
Relasjonskompetanse er ikkje berre ein fagleg ferdigheit, men ein livskompetanse.
Barna lærer å kjenne igjen og sette ord på eigne kjensler, og får hjelp til å utvikle evna til sjølvregulering. Dette er grunnleggjande for livsmeistring, og ein viktig del av det førebyggande arbeidet med psykisk helse.

Når sjukdom, stress og «livet» utfordrar oss i kvardagen i kollegiet eller i foreldregruppa, er det viktig å vite at vi vil kvarandre vel, da tør vi å snakke ope saman, da kan vi bry oss om kvarandre. Da tør vi og å gje kvarandre nødvendig tilbakemelding.
Vi ynskjer å støtte, løfte og bygge eit godt psykososialt miljø. Det gjev meining. Det gjev motivasjon.
Å arbeide etter prinsippa til ein EQ-barnehage handlar ikkje om ein metode, men om eit heilskapleg menneskesyn:
– der vi møter både barn og vaksne med respekt og anerkjenning
– der vi trur på at folk gjer sitt beste, små og store
– der vi ser på kjensler som noko viktig og meiningsberande
– der vi står trygt som vaksne med sunne grenser og samtidig toler heile barnet
Dette samsvarar med våre verdiar: ubetinga kjærleik, respekt, omsorg og tru på utvikling.

Borna er likeverdige, men ikkje likestilte – og vi vil at dei skal få oppleve at dei er gode nok, og at det finst vaksne rundt dei som tåler heile dei.
Å bli sertifisert som EQ-barnehage er ei stadfesting av det vi står for. Og vi står i det – saman, kvar dag.

Ragne Mari Kandal
Styrer i Nygård barnehage i Sandane
Ønsker du en bedre relasjon til andre mennesker?
Kurset EQ-kompetanse henvender seg til deg som ønsker å lære mer om relasjoner. Du vil få en større forståelse for hva som skjer i samspillet mellom mennesker, og hva som ligger bak reaksjoner og handlinger hos deg selv og de du har rundt deg.
Nye kurs starter høsten 2025
Oslo: Oppstart 26. august – les mer her
Bergen: Oppstart 26. august – les mer her
Digital: Oppstart 24. september – les mer her
Lurer du på om dette kan være noe for deg? Vi hører gjerne fra deg på:
E-post: post@eqi.no Tlf: +47 413 10 600 eller fyll inn: Kontaktskjema
Vil du oppleve hvordan det er å ta kurs hos oss?
Hjertelig velkommen til EQ-kveld

EQ-kveld Oslo
Tirsdag 09. september

EQ-kveld Bergen
Tirsdag 09. september

Arrangementer
Se øvrige arrangementer
Ta gjerne kontakt med oss:
EQ Institute Oslo
Drammensveien 155
0277 Oslo
Tlf: +47 413 10 600
E-post: post@eqi.no
Avdeling Bergen
Skjold Helsehus
Sæterveien 25
5236 Rådal
Tlf: +47 909 42 885
E-post: bergen@eqi.no
Avdeling Stavanger
Klepp Stasjon
Industrivegen 1A
4353 Klepp Stasjon
Tlf: +47 909 66 118
E-post: stavanger@eqi.no